Hopp til hovedinnhold

Snøskredvarsel for region Indre Fjordane søndag 01.04.2018

Faregrad 2 - Moderat snøskredfare

Publisert:
Det finst svake lag i snødekket som kan bli påverka av ein skiløpar, spesielt der snødekket er tynt. Fjernutløysing av skred er framleis mogleg.

Skredfarevurdering

Vedvarande svake lag av kantkorn nede i snøen er viktigaste skredproblem. Det varierer kor utbreidd slike lag er og kor lett dei vil føre til brot under vekta av ein skiløpar. Sjølv om det ikkje er like lett å oppdage fareteikna og påverke dei svake laga no som tidlegare i veka, er konsekvensen like stor dersom skred allikevel blir løyst ut. Fjernutløysning er framleis mogleg. Det er lettast å påverke vedvarande svake lag der snøoverflata er mjuk og snødekket er tynt.

I bratte område der sola får tak utpå dagen, kan mindre laussnøskred gå naturleg. Merk at òg skavlar kan brekke i soleksponerte område.

Det skyar til og kan kome litt nysnø mot kvelden, men mengdene er så små at det vil ha lite å seie for stabiliteten.

Skredproblemer

Vedvarende svakt lag (flakskred)

Du kan lett løse ut skred i noen få bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave en bil eller ødelegge et lite hus (str 3). Fjernutløsing er mulig.

Nedsnødd eller nedføyket kantkornet snø

Fokksnø (flakskred)

Du kan løse ut skred i noen bratte heng. Skred kan bli store nok til å begrave og ta livet av deg (str 2).

Nedføyket svakt lag med nysnø

Her beskriver vi oppbygningen i snødekket og varslet vær i fjellet på det tidspunktet varselet ble laget. Om dine observasjoner avviker veldig fra det som er beskrevet her, vil ikke nødvendigvis varselet være gjeldende heller. Gjør alltid egne vurderinger eller hold deg unna skredterreng.

Snødekkehistorikk

Lørdag 31. mars 2018

Under ca. 500 moh er snødekket prega av tidlegare mildvêr og utan lagdeling. Høgare til fjells varierer snøoverflata frå ca. 10 cm laus upåverka snø til fokksnø med varierande fastleik. Soloppvarming/tining utover dagen har gitt mjuk snøoverflate på dagtid og skare om natta i S- og SV-vendte heng.

Under den ferskaste snøen er det mange stader svake lag av kantkorn etter langvarig kulde før siste snøfall. Kantkornlag finst dei fleste stader, men dei har ulike eigenskapar alt etter plassering i snødekket. Erfaring så langt, viser at det svake laget er best utvikla i samband med solskare fra tida før siste snøfall. Det er tidlegare i veka meldt om drønn i snøen i heile regionen og i de fleste himmelretninger.

Etter stor skredaktivitet i regionen førre helg og tidlegare denne veka, har det generelt vore rapportert om mindre skredaktivitet dei siste dagane. Den 27.3 vart det ma. rapportert om nokre store skred (str. 4) ved Blånipa i Jølster.

Natt til laurdag var temperaturen nede i -16 °C på Kvitenova (1400 moh) i Stryn -9 °C på Bringeland (321 moh) i Gaular.

Fjellvær

Lørdag 31. mars 2018

Oppholdsvær. Stille/svak vind fra øst. -14 °C til -6 °C på 1400 moh. Klarvær.

Søndag 1. april 2018

Ingen nedbør av betydning. Bris fra nord. -14 °C til -5 °C på 1400 moh. Klarvær. Lite vind og variernede retning. Tilskyende om kvelden.

Råd

Varselet er et hjelpemiddel, ikke en fasit. Gjør alltid egne vurderinger. Vil du være helt skredtrygg, unngå alt skredterreng.
Forklaring til snøskredvarselet Abonner på varsler

Relevant innhold

Nyttige lenker

EAWS logo
NVE er medlem av EAWS